Rolf Braadland's Blog

Rolv Muri – abstraksjon som levd erfaring.

 

 

 Rolv Muri på garden Avlein i 1991. Garden ligg så bratt i terrenget at Muri ikkje kunne nytte seg av traktor, men måtte gjere bruk av hest. Det er lett å skjøne sanninga i Muri sine ord: “Eg fann andre og nye dimensjonar under arbeidet med jord og stein, då eg spente musklane og opplevde sommaren som ei eldkule av slit og sveitte.”
 
 

 Småbonde og kunstnar

Rolv Lorentz Muri (1921-1992) sin kunst er best kjend i traktene kring Olden og Stryn, men han er mellom dei beste kunstnarane innafor den moderne kunsten her i landet. Han høyrer til dei beste kunstnarane frå fylket i denne sjangeren saman med Gunnar S. Gundersen, Ludvig Eikaas, Oddvar Torsheim, Kjartan Slettemark og Knut Rumohr. Mykje av kunsten hans er i privat eige og han er representert i fleire sentrale kunstmuseum i Noreg.

Rolv Muri vart fødd i Ålesund, men voks opp i nærleiken av Gjøvik. Under andre verdskrigen vart ungdommar utan fast arbeid kalla inn til nasjonal arbeidsteneste. Men då Rolv Muri ikkje ville gjera arbeid for tyskarane, søkte han tilflukt på garden til morbroren på Avlein i Olden. Så lenge han hadde arbeid på ein gard slapp han unna denne tenesta. Det var her at Muri si interesse for kunst begynte og i 1946-1947 vart han student ved Statens Kunstakademi i Oslo.

Han vende tilbake for å overta garden på Avlein etter akademitida og vart då småbonde og kunstnar på heiltid. Arbeidet på garden, som ligg i bratt og ulendt terreng, var eit blodslit og arbeidet som småbonde verka hemmande for den kunstnarlege verksemda. Han arbeidde med målinga på nattetid.

Han fekk betre arbeidstilhøve i midten av 1960-talet, då han mottok Sogn og Fjordane sitt kunstnarstipend og seinare Statens tre-årige arbeidsstipend. Frå 1977 var han ein av dei første kunstnarane i landet som fekk tildelt garantert minsteinntekt.

Muri debuterte på Vestlandsutstillinga i 1957, på Høstutstillingen i 1959 og hadde si første separatutstilling i Oslo kunstforening i 1969. Den første utstillinga i offentleg regi i Sogn og Fjordane fylke vart arrangert i Fylkesgalleriet i desember 1991. Muri døydde nokre månader seinare.

 

Rolv Muri: “Vinterallegori”, 1978 (99×122 cm)

 

Formspråk

Rolv Muri sitt formspråk er abstrakt ekspresjonistisk, stundom nonfigurativt. Når biletspråket hans ikkje vart reint abstrakt, så heng dette saman med at bileta hans aldri heilt slepper taket i impulsane han henta frå naturen i Olden.

Erfaringane med arbeidet og blodslitet som bonde, “innsynet i jordsmonnet”, og utsynet frå garden mot fjella og fjorden, ligg heile tida som ei grunnleggjande resonansbotn i kunsten hans. Komposisjonane, dei kraftige målarstrøka var symbolberande og meint å spegle sinnsstemningar hjå kunstnaren.

 

Rolv Muri: “Høst i fjellet II”, 1968 (utsnitt).

 

Frå midten av 1970-åra fekk mange måleri ein klang av blått, gult, rosa og grønt. Som motvekt mot dei ytre inntrykka frå den overveldande naturen, søkte Muri å gje eit indre uttrykk for det han erfarte i mikrokosmos, i jordsmonnet, i struktur og fargar i steinane.

Muri sin kunst gjev både inntrykk av heftig rørsle og uro, men likevel er bileta hans underlagt ein klår komposisjon som er med på å roe bilete, disiplinere det og med dette skape inntrykk av ro, harmoni og klårleik. Kunsten var for Muri ein form for terapi for å overleve som menneske og han sa eingong: “Jeg har ofte følt en sterk uro i min tilværelse og noe av min ambisjon har vært å få orden på denne ved hjelp av maleriet”.

 

Rolv Muri: “Night fragment”, 1982 (105×123 cm).

 

Internasjonale impulsar

Rolv Muri henta impulsar frå den amerikanske, abstrakte ekspresjonismen på 1950-talet (m.a. Jackson Pollock og Willhelm de Kooning) og frå den europeiske kunstnargruppa COBRA (Karl Appel og Asger Jorn). Føremålet med kunsten deira var å frigjere og gje uttrykk for kunstnaren sine subjektive, spontane tankar og kjensler.

Desse kunstretningane hadde i sin tur bakgrunn i den tyske ekspresjonismen frå mellomkrigstida med si dristige fargebruk, deformerte og groteske menneskefigurar. Då nazistane kom til makta i 1933 var ekspresjonismen forbode og forfølgd av di den vart oppfatta som uskjøn og samfunnsnedbrytande.

 


I samband med den første utstillinga i offentleg regi i Sogn og Fjordane fylke, som vart arrangert i Fylkesgalleriet i desember 1991, gav galleriet ut ein katalog om Rolv Muri.
   

12 juli, 2009 Skrevet av | Kunst og kultur | , | Legg igjen en kommentar

Kjartan Slettemark – en politisk modernist.

 

Selvportrett 13

Kjartan Slettemark: Sjølvportrett (1990).

Kunstneren Kjartan Slettemark døde i 2009. Han var en av de første moderne kunstnere i Norge som benyttet et abstrakt formspråk for å formidle politisk innsikt og erkjennelse.

Han var i mange år uglesett i det norske kunstmiljøet, blant kunstkritikere og museumsdirektører og måtte søke indre eksil i Sverige. Eksilet understreket godt poenget i filosofen og forfatteren Jean-Paul Sartre sine ord om at “Geniet er ikkje ei gåve, men utvegen ein finn i desperate situasjonar.”

Kjartan Slettemark var ikke bare en usedvanlig kunstner, men han var også et klokt menneske. Dette er en sjelden kombinasjon i norsk, moderne etterkrigskunst hvor tanketom formalisme og postmodernistisk kunstideologi har ridd kunstlivet som ei mare.

Akseptert kunstnar

I dag er han akseptert som ein av våre fremste spontankunstnarar eller performance-kunstnarar. Kjartan Slettemark har utdanning frå kunsthøgskular og akademi i Norge og Sverige og hadde som svensk statsborgar motteke ei rekkje stipend frå Stockholm by – der Slettemark bodde sidan 1965.

I 2002 fekk han kunstnarløn frå den svenske staten. Slettemark er kjøpt inn av m.a. Museet for Samtidskunst, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane/Sogn og Fjordane kunstmuseum, Bergen Billedgalleri, Moderna Museet i Stockholm, Gøteborgs Konstmuseum og Norsk Kulturråd.

Kontroversiell politisk kunstnar

Kjartan Slettemark vart brått kjend i norsk samtidskunst i 1965 då hans “Vietnambilde” vart angripe med øks. Kunstverket stod utstilt i ein monter utanfor Stortinget.

Biletet – som synte ein skrikande, blodig munn, eit amerikansk flagg og ei lemlesta dokke – vart for sterk kost for den norske offentlegheit. Kunstverket vart tre gonger utsett for hærverk og måtte til slutt ha politivern.

Slettemark: Vietnam

Kjartan Slettemark: Av rapport fra Vietnam: “Barn overskylles av brennende napalm. Deres hud brennes til svarte sår og de dør.”

“Vietnambilde” vart laga midt i den heitaste debatten kring Vietnamkrigen og var meint som ein protest mot amerikanarane si krigføring i Vietnam. Mange pro-amerikanske nordmenn følte seg provoserte. Konservative kunstkritikarar skreiv at kunstverket var eit sjofelt og sjusket makkverk og at Slettemark var ein blasfemisk provokatør og kunstnerisk talentlaust.

Motstanden mot Slettemark var også sterk innanfor dei offentlege kunstmusea og først i 1988 gjekk Nasjonalgalleriet med på å ta i mot “Vietnambilde” som ei gåve frå kunstnaren. “Vietnambilde” er eit av dei mest sentrale kunstverka i norsk etterkrigskunst.

Impulsar frå utlandet

“Vietnambilde” varsla noko nytt i norsk kunsthistorie med introduksjonen av nye materialar i kunsten som plastmaling og bruk av gjenstandar frå dagleglivet i ulike kombinasjonar.

Slettemark er ein god representant for moderne kunst og han fekk tidleg sterke kunstneriske impulsar frå det franske spontanistiske målarrørsla (Jean Dubuffet o.a.) og amerikansk “popart” som på 1960-talet tok i bruk trivielle forbruksartiklar frå kvardagen i kunsten sin – slik som reklame, suppeboksar, colaflasker og bilringar (m.a. Andy Warhol og Robert Rauschenberg).

Selvportrett

Kjartan Slettemark: Selvportrett

Slettemark resirkulerte gjenstandar han fann kring seg, kombinerte eller monterte dei og sette dei inn i nye samanhengar – ofte med eit humoristisk alvor. Slettemark nytta ofte fotografi, colaboksar, glorete barneleikar og anna søppel han fann tilfeldig.

Skulpturdukke 10

Kjartan Slettemark: Skulpturdukke 10, datering ukjent.

Samanføying av ulike materialar på denne måten vert kalla for assemblage eller collage, og Slettemark var ein av dei første kunstnarane som nytta denne kunstforma i Norge.

I motsetnad til mykje av amerikansk popkunst, var Slettemark meir samfunnskritisk og gjekk i djupna og synte fram eit samfunnsengasjement som ikkje var vanleg i norsk eller amerikansk kunst på den tida.

På 1960-talet var den kalde krigen på sitt kaldaste og samfunnskritisk kunst vart oppfatta som suspekt og “kommunistisk”.

Slettemark v Nixon

Mykje av Slettemark sine aktivitetar (happenings) har handla om utforsking og endring av sitt eige sjølvbilete – ei form for kompromisslaus sjølvutlevering i protest mot det han oppfatta som borgarlege konvensjonar og trongsynt moral.

 Då han i 1974 skulle fornya passet sitt, leverte han inn ein fotomontasje av president Nixon og seg sjølv. Fotografiet i passet var ein kombinasjon av eit portrett av Nixon, men montert med Slettemark sitt eige hår og skjegg. Passet var signert “KjARTan Slettemark”.

Kjartan Slettemark sitt pass

Montasje med Slettemark og Nixon

Kjartan Slettemark sitt pass som fotomontasje av seg og president Nixon frå 1974. Fotomontasje er ei kunstform som voks fram i mellomkrigstida og tok sikte på å utvikle eit kritisk kunstnarleg blikk på samfunnet. Den mest kjente fotomontøren var John Heartfield som vart kjent for sine anti-nazistiske fotomontasjar.

Passet var ein bolk i Slettemark si identitetsforvandling som var meint å oppheve skiljet mellom kunst og røyndom. Slettemark brukte dette passet i mange år før “bedrageriet” vart oppdaga av grensepolitiet. Saka vart lagt bort.

På 1970 talet laga Slettemark mange originale og respektlause harseleringar over den tidlegare amerikanske presidenten Nixon. Her finn ein m.a. “Nixon-vision” (1971) – ein kaffidrikkande president som også vart laga i plakatvariant og nytta i demonstrasjonstog.

Nixon 11, fotomontasje

Over ein periode på tre år laga Slettemark mange bilete som ironiserte over president Nixon. Desse kunstverka er eit eksemplarisk døme på at det ikkje treng å vera ein motsetnad mellom kunst og politikk som mange konservative kunstnarar og kunstkritikarar ofte hevdar.

Kunst som rollespel eller performance

Slettemark sine rollespel og symbolske handlingar (performance) som vart utført på offentlege plassar førte tidleg til problem. Hans eksentriske utsjånad og oppførsel vart tolka som åtferdsavvik og uttrykk for psykiske problem. Ein uvitande og maktarrogant psykiater diagnostiserte Slettemark som eit døme på “boarder case” (grensedøme).

Slettemark lot seg ikkje knekke av byråkratar og maktmenneske sin ignoranse og intoleranse. Som kunstnar slo Slettemark attende og stilte ut maktapparatet til spott og spe.

Psykologen Sigmund Freud skreiv ein gong at bruk av ironi og latter kan minska respekten og angsten for makthavarane. Det var dette Slettemark gjorde i sine performance iført puddelkostyme. Det legendariske puddelkostymet (1975-76) er frå ein personleg vond periode i Slettemark sitt liv kor han som fattig kunstnar opplevde forakten og undertrykkinga frå samfunnet si side.

Han utførte sin performance i dette antrekket for fyrste gong under opninga av ei kunstutstilling i Malmö Konstmuseum i 1975. Kunstdirektøren hadde tala i store bokstavar om kunst som fridom, toleranse, og grensesprenging og vart rasande då Slettemark avbraut talen.

Kjartan Slettemark som puddel

Puddelperformance på Liljevalchs Konsthall i 1975.

Politiet vart tilkalla og Slettemark kasta brutalt på dør. Resultatet var ein broten arm og ambulanse til legevakten, men kunstnaren gav seg ikkje med dette. For seinare på kvelden, medan opningsfesten på kunstmuseet heldt fram, kom Slettemark attende i kostymet sitt, sitjande i rullestol framfor trappa til kunstmuseet med plakat på brystet som forkynte: “Rundjult av høgverdig estet”.

Betre kunne ikkje Slettemark vise fram det kritiske potensialet i performance som kunstform og kan hende er dette eit godt prov på filosofen Jean-Paul Sartre sine ord om at genialitet ikkje er ei gåve, men den utvegen ein finn i desperate situasjonar.

Arven frå dadaismen

Skulptur 11

Kjartan Slettemark: Skulpturdukke 11, datering ukjent.

Mange kunstkritikare var ikkje samd med Slettemark sitt kunstsyn og evna ikkje å sjå den kunsthistoriske tradisjonen han var del av. Slettemark har kunsthistoriske røter i den tidlege avantgardismen slik den m.a. kom til syne i dadaismen etter første verdskrigen og surrealismen på 1930-tallet. Som hjå Kjartan Slettemark, var absurde og anarkistiske element eit viktig element i dadaismen. Dadaismen kritiserte både til høgre og venstre og spesiell krass kritikk vart retta mot finkulturen, kunstmusea og kunstmarknaden.

Dadamesse Berlin 1920

Internasjonal dadamesse i Berlin 1920.

Delar av dadaismen trudde at mennesket berre kunne realisere og frigjere seg sjølv gjennom kunst som politisk handling. Som “antikunst” ville ikkje dadaistane godkjenne kunst som venleik, sanselegdom og rein oppleving. Kunst skulle vere sann og usminka og ikkje lenger fungere som tidtrøyte for borgarskapet. Kunsten måtte i staden forvandlast til å vera eit reiskap i kampen mot samfunnet sine umenneskelege krav om rasjonalitet og profitt.

 

Slettegro

Kjartan Slettemark: Slettegro, dateing ukjent.

Dadaistane tok i bruk og sette saman produkt og fragment som den industrielle utviklinga hadde ført med seg: fotografi, trikkebillettar, jarn, maskinar, urinalar og sykkelhjul.

Slettemark kroppskunst 1967

Kjartan Slettemark: Kroppskunst med maske, plastbokstavar og garn, 1967.

Dadaistane arrangerte “happenings” som kombinerte poesi, teater, målarkunst, skulptur, atonal musikk, fotomontasjar, absurd lyrikk. Då dei i tillegg plasserte stinkbomber i teatersalen førte dette til heftige slagsmål med delar av publikum. Kunst skulle provosera og statsmakta svarte med politimeldingar, beslag og fengselsstraff.

Dadaistane var ei av de første kunstgrupperingane som stilte spørsmål ved kunsten og kulturen sitt føremål og funksjon: kva meinest med kunst, kva type kunst bør utviklast som kan fungere som spegelbilete for samtida?

Kjartan Slettemark førte vidare liknande tankar opp til våre dagar. Nettopp etter eit tiår kor postmodernistisk kunstideologi har vore oppteken av å proklamere kunst som noko meiningslaust, er det viktig å bli minna om kva kunst eigentleg bør handle om: engasjement, humor, provokasjon og erkjenning.

Vacuum 31

Kjartan Slettemark: Selvportrett, datering ukjent.

Kilder:

Jan-Åke Petterson: “Kjartan Slettemark”, utstillingskatalog 1982.

Dawn Ades. “Dada and surrealism”, London 1974.

Dawv Ades: “Dada and surrealism reviewed”, utstillingskatalog 1978.

11 juli, 2009 Skrevet av | Kunst og kultur | , , , , , , | Legg igjen en kommentar

The artist Oddvar Torsheim

 The artist Oddvar Torsheim
By Rolf Braadland – art historian.

Gullkjeppen, lakkmaleri 1969

“Gullkjeppen”, enamel painting, 1969. .

©Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Oddvar Torsheim was born in 1938 in Norway. He grew up in Naustdal but made Førde his home. He is known as a popular graphic artist, painter, and in later years also as a musician of a rather peculiar kind. He has had many exhibitions abroad and in Norway, and he has carried out a series of public decorations. His art has been bought by the most important art institutions in Norway. In 1990, he was awarded the culture prize from the municipality of Førde.

The burlesque popular artist.

Oddvar Torsheim is a highly unusual character on the contemporary Norwegian art scene. Art used in satire and irony does not have such a long tradition in Norway, yet Theodor Kittelsen (1857-1914) and the newspaper illustrator Finn Graff (born 1938) are examples of colleagues working in the same genre as Torsheim. Outside the borders of Norway and back in time, we find famous artists such as the German George Grosz (1893-1959) and the Frenchman Honoré Daumier (1808-1879), who in their satirical art challenged the authorities.

These artists have in common that they are preoccupied with man’s way of life, with an emphasis on the problems in life, the conflicts of interests, politics, ideals, and morality.

vX960_1223549963_1223549977

 V for vestlending, silketrykk 1970

Torsheim’s art is politically not as sharp as that of the two referred to above, but his unique and humoristic artistic language has stepped on many toes and provoked conservative prejudices.

His form reminds of cartoons and posters, with on the surface simple compositions and strong restraint in visual effects.

Torsheim’s picture world is built around ambiguous verbal and visual or visible contrasts. Torsheim pursues the striking metaphor. This makes his art often show signs of a disorganized dream world where fantasy situations, surprising ideas, breach of norms, and dislocations of ethical and moral values are free to tumble about.

  It is no wonder that the Belgian surrealistic artist René Magritte (1898-1967) has been an important model for Torsheim.

Art as culture critique.

There will never be war, lithograph, 1980

 

 

“There will never be war”, lithograph, 1980.

Photo: Reiakvam, Førde.
©Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

In his pictures Torsheim uses a technique resembling montage by which well-known and “normal” human situations and moral conventions are placed in unusual environments, so that human stupidity, injustice, and bigoted undue gravity are thrown into sharp relief.

Oddvar Torsheim thus places himself in an old culture tradition whose roots are in the so-called carnival laughter tradition of the Middle Ages, with its carnival processions, passion, Devil, and tomfoolery.

The art of the Middle Ages and the Renaissance also describes conflicts between Christian moral idealism as distinct from the secular, sensual passions as seen in the pictures by Hieronimus Bosch (about 1450-1515) and Pieter Brueghel the Elder (1523-1569). Double standards are an old phenomenon.

Oddvar Torsheim’s art has much in common with these artists and like them he poses as a moral castigator who puts his finger on human stupidity and social masquerades.

katt og mus i same pus 1979

“Katt og mus i same pus”, lithograph, 1979.

©Sogn og Fjordane Kunstgalleri.Fotograf: Reiakvam, Førde.

Oddvar Torsheim is a surrealistic artist who is preoccupied with his own time and looks at the social evolution with a critical eye. The optimism of the 1960s has crumbled in the smoke from the napalm bombs during the Vietnam war, and the rise of the big and undemocratic capitalistic forces in the EU has accelerated and increased the ecological danger signals to a perilous degree.

His comments hit not only the establishment, the capitalists, and the priesthood, but he also aims his sharply pointed pinpricks against ordinary people’s misguided prejudices on sex roles and sexuality.
Oddvar Torsheim is a popular artist, an icon, who makes some art critics and art historians shudder.

torsheim_cd

The popular element is not the only themes which his art deals with, but also in the fact that he prefers to make his pictures as tissue prints, lithographs, or as posters. They can be reprinted in large numbers at a reasonable price, so that most people can buy them. His enamel paintings are more expensive and are mostly bought by private collectors or public art museums.

Torsheim has a large following, and he has promoted himself through a number of books and not least through music, where he murders pop music and folk music, which has flabbergasted music fundamentalists.

To this day art has always been about man and man’s way of life. Oddvar Torsheim’s burlesque picture world is deeply humanistic in its basic attitude, and for this reason his art becomes so strange, liberating, and attractive.

Torsheim has published books, for example “Syner i syttiåra” and “Svarte kvitingar”.

1432047002

Oddvar Thorsheim with his obligatory red scarf and handbag. He is one of the few Norwegian artists who has acquired the status of almost a living public icon. 1991.
Photo: Odd. E. Nerbø.

Sources:
Torsheim, Oddvar: Syner i 70-åra. Øens forlag 1980. Gjentrykk Sogn og Fjordane forlag.
Torsheim, Oddvar: Svarte kvitingar. J. W. Eides forlag 1987.
Braadland, Rolf, m.fl: Oddvar Torsheim 50 år. Utstillingskatalog Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane 1988.
Flor, Harald: Susanna frå Sunnfjord. Eide forlag. Bergen 1991.

Kunsthistoriske referanser:

Hieronimus Bosch: Kristus korsfestelse, datalj ca.1515-151

Hieronimus Bosch: Kristus`s korsfestelse, detalj, ca.1515-1516

 

Honore Daumier: Gargantua. 1831. Lithography

Honorè Daumier: Gargantua. 1831. Lithography

 

George Grosz: "Eclipse of Sun", oil on canvas 1926

George Grosz: “Eclipse of Sun”, oil on canvas 1926

 

 margritte Philosophy in the Boudoir 1947

Renè Margritte: “Philosophy in the Boudoir”, oil on canvas, 1947

11 juli, 2009 Skrevet av | Kunst og kultur | , , , | Legg igjen en kommentar

   

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.